Vegstenging

Onsdag 24. mai blir E39, riksveg 5 Florø – Førde, riksveg 5 Fjærland – Skei  og riksveg 13 Gaularfjellet stengt delar av dagen. Vi ber alle som skal sjå syklistane på nært hald i Balestrand, Gaular, Jølster eller Førde om å vere ute i god tid før syklistane kjem. Dei som skal køyre gjennom Førde og Jølster denne dagen må vere tidleg ute, eller køyre etter at sykkelrittet er over.

Balestrand og Gaularfjellet

  • Balestrand sentrum vert stengt for innkøyring og parkering frå kl. 20.00 tysdag kveld. Vegen forbi Reiselivsmuseet og ut Kong Beles veg til rådhuset vil også verte stengt frå kvelden før.  Stenginga varer til syklistane har passert og materiell er rydda.
  • Medan barnerittet pågår (11.00 – 12.15) vil det også verte stengt frå innkøyringa til Kong Belesveg frå sentrum og frå Lærargata i retning sentrum.  Elles må ein rekne med stengt veg frå ein time før start (ca. kl. 12.30) i Kong Beles veg, Villavegen og heile hovudvegen til Gaularfjellet.
  • Tour des Fjords startar klokka 13.20 i Balestrand sentrum. Hovudregelen er at vegen blir stengt ein time før syklistane kjem.
  • Kl 11.00 vil Gaularfjellet bli stengt for gjennomgangstrafikk ved Eldalsosen i Gaular og Mel kraftverk i Balestrand.
  • Arrangørbussar med publikum frå Balestrand, Dragsvik, Sogndal og Førde kjem til Gaularfjellet kl 12.15.

Rørvikfjellet

  • Riksveg 13 frå Moskog over Rørvikfjellet vil bli stengt kl 14.30 mot løpets retning til syklistane har passert, omkøyring via E39 Sande.
  • Lokaltrafikk til Holsen vil sleppe gjennom, bortsett frå ein time før ryttarane kjem.
  • Busstransport frå Førde og Sande til Rørvikfjellet.

Moskog – Vassenden

  • E39 vert stengt kl. 14.30 ved Moskog. Løypa rundt Jølstravatnet vil bli stengt 1 time før ryttarane kjem forbi. Vegane blir opna igjen etter at ryttarane har passert.
  • Når ryttarane har passert Moskog på retur mot Førde vil vegen her blir stengt i retning Førde fram til siste ryttar har gått i mål i Førde ca. 18.00.

Fjærland/Skei

  • Ca. kl 13.40 blir vegen frå Fjærland til Skei stengt ved Brevasshytta.
  • E39 frå Byrkjelo blir stengt kl. 14.00 på Skei.
  • Rittet passerer Skei i perioden mellom 16.30 og 1650, og vegen blir opna igjen for trafikk like etter.

Førde sentrum

  • Førde sentrum vil bli stengt for innkøyring ca. ein time før rittet kjem, altså frå kl. 16.00 og opna igjen etter målgang som er ca. 18.00. Syklistane skal sykle forbi sjukehuset, gjennom Førde sentrum, forbi Førde kyrkje, opp gjelet og ned igjen på riksveg 5 frå Haugum til Førde hotel, opp igjen til Coop Xtra og same runda igjen, før spurten skjer i Angedalsvegen med målgang ved NRK Sogn og Fjordane/Førde stadion.
  • Angedalsvegen blir stengt mellom Langebruvegen (lyskrysset) og krysset Kyrkjevegen den 24. mai frå klokka 09.00 til 21.00. Dette på grunn av rigging av målområdet.

E39 frå Bergen mot Førde

  • Siling av trafikken på E39 ved Langeland vil bli sett i verk frå kl. 1330 av lokale politiressursar.

 RV5 frå Florø mot Førde

  • Siling ved Naustdalstranda/Erdal blir sett i verk kl. 1330 av lokale politiressursar.
  • Bilistar som skal retning Bergen frå Florø vil sleppe gjennom fram til klokka 16.00.
  • Omkøyring for bilistar nordover er via fylkesveg 615 Storebru, Hyen, Sandane.

Tour des Fjords