– Det blir heilt fantastisk!

Om det er nokon som gler seg litt ekstra til Tour des Fjords Sogn og Fjordane, så er det sykkelmiljøet i fylket. Catherine Stigen Bøen er leiar i Sogn CK og langt over snittet glad i landevegssykling.

– No er det berre to veker att til 24. mai, og gjett om me i Sogn CK gler oss til proffsyklistane kjem. Dei kan berre glede seg til den flotte naturen vi har å by på. Dette blir heilt fantastisk!

Saman med Sogn CK brukar ho mykje tid på sykkelsporten og landevegssykling, og ho synest sjølvsagt det er stor stas at Tour des Fjords har lagt ein av etappane til heimfylket.

– For første gong får me sjå ein av etappane på nært hald. Sogn CK har fått ansvaret for å gjennomføre barnerittet som skal vere i Balestrand før løpet. I tillegg stiller me sjølvsagt i løypa og lagar god stemning. Vi skal gjere vårt for at det ikkje blir siste gang sykkelløpet kjem til fylket, smiler sykkelentusiasten.

Lyst til å vere medlem i Sogn CK? Les meir her: Sogn CK

Tour des Fjords sogn og fjordane