Program Balestrand

10:00 Sponsortelta opnar

11:00-12:15 Barneritt – start på parkeringen mellom Coop Marknad og Holmatunet – hugs påmelding via nett på førehand og hugs hjelm og sykkel!

12:20-13:10 Innskriving/presentasjon av lag og ryttarar i proffrittet

13:20 Start proffritt – Holmatunet via Reiselivsmuseet, ut Kong Beles veg og Villavegen og attende hovudvegen retning Gaularfjellet, sannsynleg start klatring Gaularfjellet litt etter kl 1400

15:30 TV2-sendinga startar – følg heile sendinga på storskjerm i Holmen

16:30 Danseverkstadene i Balestrand kulturskule underheld frå scena

18:30 Sykkelshow m/Eirik Ulltang og team.  Hugsar du han som hoppa med sykkel på Svolværgeita?  Sjå stuntet her – og sjå han i Balestrand den 24. mai!

22:00-02:00 Kviknes hotel/Natthuset inviterer til After Bike – musikk v/Hit-Duo frå Årdal og gratis inngang!

Heile dagen: Lokale aktiviteter ved handelsstanden i sentrum | Fri tilgang til Reiselivsmuseet

Aktivitetar langs løypa

Rundkøyringen i Dragsvik:  Utstilling av gigantisk sykkel – samling for tilskodarar når rittet passerar v/Dragsvik og Esefjorden grendelag

Frå kl 1100 ved Andrinastova på Dale i Sværefjorden:  Samling med sal av mat og drikke, aktiviteter og storskjerm for overføring av sykkelrittet v/Sværefjorden bygdekvinnelag og Dale Ve og Vel (hugs kontantar)

Utsikten på Gaularfjellet:  Sal av hellekaker m/drikke v/Vetlefjorden bygdekvinnelag/Fjordane grendelag (hugs kontantar)

Kanskje vert det også flagging frå Melsnipa, skileik ved Utsikten og båtar som fylgjer syklistane til Vetlefjorden.

Trafikk og tilgjenge til området

Balestrand sentrum vert stengt for innkøyring og parkering frå kl 20:00 tysdag kveld. Vegen forbi Reiselivsmuseet og ut Kong Beles veg til ca rådhuset vil også verte stengt frå kvelden før.  Stengingen varer til syklistane har passert og materiell er rydda oppatt.

Medan barnerittet pågår vil det også verte stengt frå innkøyringa til Kong Belesveg frå sentrum og frå Lærargata i retning sentrum.  Elles må ein rekne med stengt veg frå ein time før start (ca kl 1230) i Kong Beles veg, Villavegen og heile hovudvegen til Gaularfjellet.  Sjølve Gaularfjellet vert stengt med bom frå kl 1100 på rittdagen.

Posten melder om endring i leveringstidspunkta pga vegstenging, men alle får posten sin.

Vi oppmodar alle som bur lokalt og som skal til Balestrand sentrum denne dagen om å gå eller sykle!