Tour des Fjords Sogn og Fjordane bussbillettar

Vidar Slettehaug i Sunnfjord Utvikling og prosjektleiar for Tour des Fjords Sogn og Fjordane her saman med Roy Stian Farsund og Alexander Dvergsdal i Sparebanken Sogn og Fjordane og Andre Monsen frå Firda Billag.

I samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane og Firda Billag, blir det busstransport for publikum ut til løypa under Tour des Fjords Sogn og Fjordane 24. mai 2017.

Her kan du kjøpe billettar: Bussbillett til løypene

Det vil bli sett opp bussar tur – retur til:

  • Gaularfjell frå Førde, Sande, Høyanger, Balestrand, Dragsvik og Sogndal
  • Rørvikfjell frå Førde og Sande
  • Førde frå Naustdal

Retur frå Gaularfjell vil gå via Sande til Førde, og retur frå Rørvikfjell vil gå til Førde og deretter til Sande.

Førehandssalet av billettar varer fram til mandag 22. mai kl 23.59. Billettpris tur/retur kr. 50,-. Ein føresetnad for at rutene vert køyrde er at det er seld min. 10 billettar per rute.