Ord og uttrykk – Sykkelekspert på 1-2-3

Tour des Fjords Sogn og Fjordane

Hovudfelt eller feltet

Den største gruppa/samlinga av syklistar i eit sykkelritt. På grunn av luftmotstand vil denne gruppa kunne sykle raskare med mindre innsats enn ei mindre gruppe. Dette fordi det er fleire til å dra og ta luftmotstand i front av feltet.

Brudd

Utbrytarar frå hovudfeltet som ligg framfor hovudfeltet. Mindre gruppe enn hovudfeltet. Blir jakta på av hovudfeltet.

Kampen mellom bruddet og hovudfeltet er med på å skape spenning og dramaturgi i eit sykkelritt. Vil bruddet bli henta inn før mål, eller klarar dei å halde unna for hovudfeltet som kjem bak?

Grupetto

Samling av ryttarar som ligg lengst bak på etappen. Kjempar ofte ein hard kamp for å komme i mål innan ei avgrensa tid etter vinnaren av etappen, for å få vere med vidare. Mest aktuelt i dei store 3-vekers sykkelritta.

Lag

Syklistane syklar saman i lag. I Tour des Fjords er det 24 lag med 6 ryttarar på kvart lag. Innad i laget har ryttarane klart definerte roller. Ryttarane på laget syklar for at laget skal oppnå sine mål. For mange av ryttarane går dette ofte utover eigne resultat gjennom at dei ofrar seg for at ein annan på laget skal gjere det bra.

Kaptein

Den ryttaren laget syklar for og ofrar seg for. Taktikken og strategien til laget blir lagt opp ut i frå at kapteinen skal oppnå måla sine.

Klatrar

Ein ryttar som gjerne er lett og god til å klatre (sykle oppoverbakkar). Klatrarane konkurrerer om å vinne klatretrøya.

Hjelperyttar

Ei viktig brikke i laget som ofrar seg for kapteinen og dei andre på laget. Hentar drikke og tek vind. Kan få i oppgåve å køyre inn brudd tidleg på ei etappe. Gode hjelparar er viktig for at kapteinen skal nå måla sine, derfor er gode og lojale hjelperyttarar høgt verdsett.

Spurtar

Ofte ein litt tyngre ryttar med eksplosiv styrke som syklar svært raskt på ein kortare distanse. Denne typen ryttar har den beste avslutninga og er den som laget syklar for på ei spurtetappe.

Road captain

Erfaren ryttar med god taktisk forståing og nase for å lukte utviklinga i ei sykkeletappe. Tek avgjerder på vegne av laget i samråd med sportsdirektøren.

Sportsdirektør

Ein lagleiar som sit i følgjebil bak feltet. Kommuniserer med ryttarane via radiosamband. Gir beskjed om utviklinga i løpet og tek taktiske avgjerder. Ansvarleg for å legge det taktiske opplegget til laget før start.

Nysgjerrig på trøyene dei brukar? Då må du lese denne saka: Dette konkurrerer syklistane om

Bilutstilling på kunstgrasbana ved Førdehuset

Tour des Fjords Sogn og Fjordane

24. mai kan du gå på bilutstilling på kunstgrasbana ved Førdehuset.

Fem av byens bilforhandlarar er med som samarbeidspartnarar når Tour des Fjords kjem til Sogn og Fjordane. Dei stiller ut bilar som du kan sjå og prøvekøyre på sjølve rittdagen, og er du heldig kan du kanskje få ein billett til bilforhandlarane sitt eige VIP-område ved stadion i Førde.

Bil har vore viktig for Førde sin vekst siste 50-60 åra. Bil er viktig også i dag. Bilbransjen i Førde omsette i 2016 for ca 1,2 milliard kroner, og nesten 400 personar har sitt daglege virke knytt til dei ni nybilforhandlarane i byen. Fem av nybilforhandlarane er med som samarbeidspartnarar under Tour des Fjords.

Berge & Co, som er eldste og største bilforhandlaren i Førde, stiller med både Audi, Volkswagen og Skoda, i tillegg til nyttekøyretøy. Berge & Co har fem avdelingar i Sogn og Fjordane, samt ei avdeling i Ørsta. På rittdagen får du høve til å prøve Skoda Kodiaq, VW e-Golf og Passat GTE, Audi A3 e-tron og Volkswagen Amarok.

Autoforum er byens Ford-forhandlar. Dei har eit breitt utval av Ford-modellar, både av personbilar og nyttekøyretøy. På onsdag kan du sjå meir til Ford Mustang Convertible, den nye Ford Kuga, storbilen Ford Edge – og sjølvsagt Ford Mondeo. I tillegg stiller dei med varebil. Autoforum har også avdeling i Florø.

Biltreff forhandlar av BMW og Mitsubishi. Verksemda har hatt ein pen auke i omsetnaden over fleire år. Grunnane kan vere fleire, men at modellspekteret til BMW og Mitsubishi har falt i smak hos kresne kundar er i alle fall ein av dei. Tar du turen til bilutstillinga får du sjå Touring-utgåva av den nye BMW 5-serien, samt prøvekøyre BMW 520 sedan, BMW X1 og BMW 225 ladbar hybrid. Mitsubishi blir representert med modellane ASX og Outlander PHEV.

Bilhuset Førde kjem med Mercedes og Peugeot på utstillinga. Også Bilhuset Førde har siste tida hatt stor vekst. Forhandlaren stiller eit representativt utval av populære modellar frå begge merka, mellom anna den store Peugeot Partner Express med 8 sitteplassar og nye Peugeot 2008. Mercedes-modellane som du bør sjå nærare på er den nye E-klasse hybrid, E-klasse All Terrain, nye GLA og C350 hybrid.

Frydenbø Bilsenter kjem med eit representativt utval av Volvo’ar. På utstillingsområdet ved Førde stadion vil du mellom anna finne Volvo V90 CC, Volvo V90, Volvo XC90 og V60. Frydenbø Bilsenter vart også nyleg forhandlar av Nissan, og derfor er det heilt naturleg at elbilen Nissan Leaf, samt Nissan Qashqai slår følgje med resten denne dagen.

Lokale leverandørar bidrar til gigantisk TV-produksjon

Tour des Fjords Sogn og Fjordane

Enivest er ein viktig samarbeidspartnar under Tour des Fjords. F.v.: Christiane Ulriksen, Nandor Helgheim, Rolf Sanne-Gundersen og Vidar Slettehaug.

TV-bileta frå Tour des Fjords vil nå ut til 50 forskjellige land. Eit gigantisk apparat er i sving for at flotte bilete frå Balestrand, Gaular, Jølster og Førde skal nå ut i verda.

– Vi køyrer ein TV-produksjon som krev filming frå helikopter, motorsyklar og bilar i tillegg til stasjonære kamera. For å få direktebilda ut har vi eit fly som sirklar rundt eit par tusen meter over løypa i tillegg til ein TV-produksjonsbuss og eit par trailarar med utstyr i Førde og Balestrand, seier Tour des Fjords sjef, Roy Hegreberg.

Enivest er ei viktig brikke

Det er eit stort puslespel som skal gå opp for å få i hamn den direktesendte TV-produksjonen. Blant brikkene i det store puslespelet finn vi Enivest som leverer breiband til TV-produksjonen.

– Det er kjempemessig for oss å bidra til arrangementet, og at vi kan vere eit viktig bidrag når vi skal vise fram det flotte fylket vårt til TV-sjåarar over heile verda, seier Nandor Helgheim i Enivest.

Utan nett med høg kapasitet vil ikkje TV-bilda nå ut til sjåarane.

– Det er godt å vite at vi kan støtte oss på sterke lokale bedrifter som vi veit leverer gode tenester når vi skal gjennomføre eit så stort arrangement, seier Vidar Slettehaug, prosjektleiar hos den lokale arrangøren Sunnfjord Utvikling.

Håpar på auka turisme

TV-bilda er ein av grunnane til at kommunane som rittet går gjennom har jobba så hardt for å få Tour des Fjords til fylket.

– Det er vanskeleg å tenkje seg ei betre ramme enn Tour des Fjords for å få vist fram kvalitetane i dei fire kommunane, og håpet er jo nettopp at dei vakre bileta skal trigge folk til å feriere her, seier Slettehaug.

Fakta:

Totalt vil det vere 500 personar som kjem til fylket i samband med arrangementet. 144 ryttarar med støtteapparat, TV-produksjonsfolk, sikkerheitspersonell, motorsyklistar og ein god gjeng frå arrangøren Tour des Fjords i Stavanger er på plass 24. mai. I tillegg er vil det være ein stad mellom 200 og 300 frivillige i sving langs løypa for å sørge for at arrangementet blir gjennomført på ein god måte.

Velkommen til sykkelfest på Festplassen

Vil vise kva vi er gode for!

Tour des fjords sogn og fjordane

Mariann Njøsen, Helena Bremer Farsund og Anne Karin Steen gler seg til sykkelfest.

Under Tour des Fjords 24. mai går Elvetorget og Amfi saman om å skape liv og røre utanfor handlesentera og langs løypa. Dei tilbyr parkeringsplass og oppfordrar til å bruke dagen i Førde sentrum.

– Vi ønsker å bidra til at både dei besøkande og syklistane får ei god oppleving når dei kjem til Førde 24. mai, seier Anne Karin Steen.

Ho er senterleiar på Elvetorget, som saman med Amfi jobbar med å skape aktivitet i sentrum under sykkelløpet. Og du skal  sleppe å gå svolten denne dagen. Både Elvetorget og Amfi har mykje godt på uteserveringa.

– Alle etestadane våre kjem ut denne dagen for å tilby deg mat og drikke. Det same gjer fleire av butikkane, og Din Sport har særleg fokus på syklar. Amfelia og Oskar traskar rundt med overrasking til barna, Puls slepp laus kyllingen sin og det blir musikk av Kor Før´de, seier senterleiar på Amfi, Mariann Njøsen, som saman med marknadskoordinator Helena Bremer Farsund håpar på fint vær og mykje liv i sentrum.

Ryddar plass til sykkelpublikum

På andre sida av gata er Bondens marked på plass utanfor Elvetorget. Også der blir det uteservering.

– Kafeane kjem ut og sel grillmat, bollar, kaffi, juice og mykje anna godt. Både Erdal Sport og Sport1 lagar sykkeltorg, og du får blant anna sjansen til å prøve el-syklar. Nokre av butikkane kjem ut denne dagen med gode tilbod. Det blir mat, musikk og god stemning frå kl. 13. 00 – 18.00, og når syklistane passerer blir det til korpsmusikk frå Førde Skulemusikkorps, seier Anne Karin.

Både Elvetorget og Amfi tilbyr parkeringsplassane sine 24. mai.

– Vi vil ha mest mogleg liv og røre, og vi har rikeleg med parkeringsplassar. Kom tidleg og parker bilen, handle i butikkane våre og kos deg i sentrum under sykkelfesten. Langs bilvegen ryddar vi plass til publikum, slik at du kan stå heilt inntil løypa og heie når syklistane passerer to gongar. Vi skal bidra til at det blir fullt liv i sentrum denne dagen, og at TV-kamera får sjå kva vi er gode for, seier dei to senterleiarane.

Og når vêrmeldingane i tillegg seier sol og 25 grader, så ligg alt til rette for folkefest i Førde sentrum!

Derfor treng vi ein sykkelfest i fylket!

Tour des Fjords Sogn og Fjordane

Foto: David Zadig

Kvifor skal vi arrangere eit sykkelritt i Sogn og Fjordane? Ikkje har vi mange syklistar. Ikkje er vi eit sykkelfylke. Vi har mange høge fjell, mange smale vegar og mange lange tunnelar. Kvifor?

Spørsmålet fekk eg like etter at det var kjent at Tour des Fjords kjem til Sogn og Fjordane. Like etter at det vart kjent at den først etappen på årets sykkelritt skal gå frå Balestrand, over Gaularfjellet, gjennom Gaular, rundt Jølstravatnet og i mål i Førde. Frå Sognefjorden til Sunnfjord på ein dag.

Svaret er i grunn ganske enkelt. Vi skal profilere noko av det beste vi har i fylket direkte på TV2 til sjåarar over heile verda. Den storslåtte og vakre naturen. Fjord og fjell, og folket som bur her. Nasjonal turistveg Gaularfjellet er ikkje berre omkransa av naturopplevingar, vegen har også eit nytt utsiktspunkt, og kanskje best av alt, berre nokre få korte tunnelar. Årets etappe har det meste, og noko av det beste.

Tour des Fjords er eit sykkelritt med stort potensiale, organisert på ein måte vi kan stå inne for. Vi er veldig glade for at leiinga av rittet såg potensiale i å ha ein etappe i Sogn og Fjordane i 2017, same året som Bergen skal arrangere sykkel-VM. Og vi trur dette blir ein sykkelfest, sjølv om vi ikkje har lange tradisjonar som sykkelarrangørar.

Men vi trur like mykje på langvarige effektar av å få Tour des Fjords til Sogn og Fjordane. Vår målsetjing er å bruke profileringa av naturen, etappen, folka og alt det gode som finst her til å jobbe med ei satsing på sykkelturisme. Sogn og Fjordane i samarbeid med nabofylka er særdeles veleigna for turistar som ønsker å kombinere fysiske utfordringar med vakre naturopplevingar. Tenk deg ei sykkelrute frå Bergen til Voss. Voss til Balestrand. Balestrand til Sunnfjord. Sunnfjord til Bergen. På racersykkel, el-sykkel eller andre syklar, avhengig av ulike behov. Fjord Norge skal satse på sykkelturisme i åra framover, og vi ønskjer å vere med.

Derfor er årets Tour des Fjords ikkje berre ein sykkelfest for fylket, men også ei satsing på reiselivet. Ei satsing på våre kvalitetar, og ei profilering av Utsikten på Gaularfjellet, Jølstravatnet, Astrup og alt det andre som Sogn og Sunnfjord har å by på. Det vi treng er engasjement og folk som vil vere med.

Velkomen onsdag 24. mai til heile fylket.

Rolf Sanne-Gundersen

Busstransport til løypene

Tour des Fjords Sogn og Fjordane bussbillettar

Vidar Slettehaug i Sunnfjord Utvikling og prosjektleiar for Tour des Fjords Sogn og Fjordane, er svært nøgd med at Sparebanken Sogn og Fjordane og Firda Billag har inngått eit samarbeid med dei om busstransport. Her saman med Roy Stian Farsund og Alexander Dvergsdal i Sparebanken Sogn og Fjordane og Andre Monsen frå Firda Billag.

Det vil bli busstransport for publikum ut til løypa under Tour des Fjords Sogn og Fjordane 24. mai 2017.

Det vil bli sett opp bussar tur – retur til:

  • Gaularfjell frå Førde, Sande, Høyanger, Balestrand, Dragsvik og Sogndal
  • Rørvikfjell frå Førde og Sande
  • Førde frå Naustdal

Retur frå Gaularfjell vil gå via Sande til Førde.

Retur frå Rørvikfjell vil gå til Førde og deretter til Sande.

Førehandssalet av billettar varer fram til mandag 22. mai kl 23.59. Billettpris tur/retur kr. 50,-.

Ein føresetnad for at rutene vert køyrde er at det er seld min. 10 billettar per rute.

Her finn du billettane: Bussbillett til løypene

 

– Det blir heilt fantastisk!

Garantert folkefest i Jølster

Tour des Fjords Sogn og Fjordane

På Jølstravatnet blir det vasshow med alpinistane Jørgen Aarøen Taklo og Bendik Bryan Hamar. Foto: Anne Cecilie Kapstad

– 24. mai blir ein merkedag for framtida. Det er eg sikker på, seier reiselivsrådgjevar i Sunnfjord Utvikling, Bjørg Kjos-Wenjum. Vassakrobatikk, dans og 90 aktive speidarar er noko av det sykkelstjernene kan oppleve på og langs Jølstravatnet.

Saman med innbyggarane har ho fått ansvaret for å skape liv og røre når sykkelstjernene  skal rundt Jølstravatnet 24. mai. Og allereie no kan ho fastslå at liv og røre, det blir det. Mange lag og organisasjonar er i sving med å planlegge sykkelfesten, og Kjos-Wenjum veit knapt kvar ho skal begynne på spørsmål om program for dagen.

– På Jølstravatnet nær Vassenden blir det vasshow med alpinistane Jørgen Aarøen Taklo og Bendik Bryan Hamar. Medan syklistane sveittar rundt vatnet, skaper dei vasski-akrobatikk på høgt nivå. Over 90 uniformerte speidarar deltek med aktivitetar på Kjøsnes. Der blir det lavvo, hesteskokasting, bålpanne, heiarop og stor stemning, og seniordansarane i Jølster vil lage show på rasteplassen nedanfor hotellet på Vassenden. Jølster Aurefest vil vere blant dei som promoterer seg på Skei, og der vil også Felleskjøpet stå og ta i mot syklistane med ei stor utstilling av traktorar.

Mektig syn for TV-kamera

Lukta av grillmat vil bre seg over heile Jølster denne dagen, for både på Skei, Vassenden og Jølstraholmen blir det sal av mat. Skular og barnehagar stiller som heiagjeng, og Skei statlege mottak står med afghanske og norske flagg langs løypa – og truleg vil nokre av dei plassere seg på fjelltoppane i Jølster. Eit mektig syn for TV-kamera!

– Sykkelløpet blir direktesendt på TV til 50 land, så her er det stort potensiale for å marknadsføra seg i den store verda. Sykkelturisme er populært, og no får vi vist fram at det også er mogleg i Norge. I tillegg blir det vist fantastisk natur frå regionen, og dette vil trur vi vil lokke fram reiselysta i folk. I sosiale media som Facebook og Instagram har arrangementet stor rekkevidde i form av bilde og film frå fylket, og dette trur eg får ringverknader for Sogn og Fjordane.

Merkedag

I etterkant trur ho 24. mai vil stå att som ein merkedag, men no gler ho seg først og fremst til sjølve dagen.

– Høgdepunkta vil stå i kø, og både Jølster og Sunnfjord vil garantert kome på kartet etter dette. Vi gler oss kjempemasse!

Tour des Fjords Sogn og Fjordane

Om vêret bli like fint som dette, kan både syklistane, publikum og TV-sjåarane vente seg eit vakkert skue på Jølster.

 

Dette konkurrerer syklistane om