Tidstabell

Tour des Fjords

Lurer du på kor tid syklistane passerer din kommune? Trykk på bildet og få full oversikt over tidene.

 

 

 

Vil vekke sykkelinteressa

Tour des Fjords Sogn og Fjordane

Alexander Øen Ask i Førde CK gler seg til at sykkelstjernene skal gjennom byen og håpar på auka interesse rundt sporten. Øen Ask syklar for Argon 18 Tri Team Norway, men er ikledd lagskjorta til treningskompis Cedrik Ullebø.

Førde Cykleklubb merkar auka interesse for sykkelsporten. Etter at Tour des Fjords har vore innom byen, trur dei den blir endå større.

– I fjor arrangerte vi sykkelskule i Førde, og etter det fekk vi nesten førti nye medlemmer!

Det seier Alexander Øen Ask, som er styremedlem i Førde CK, sykkelentusiast og syklar for Argon 18 Tri Team Norway.

Han er særs nøgd med at Tour des Fjords har lagt første etappen til Sogn og Fjordane. For Førde CK betyr det auka interesse for sykkelsporten og forhåpentlegvis fleire nye medlemmer.

– I mine auge er dette eit av dei største idrettsarrangementa i fylket – nokon sinne. At målområdet er i heimbyen Førde er veldig kjekt, og det er med på å sette byen på kartet og skape interesse for sporten.

Eige barneritt

Tour des Fjords vil arrangere eige barneritt i timane før proffsyklistane kjem til Førde, og Førde CK hjelper til med gjennomføringa.

­– Vi ønsker flest mogleg barn og unge med på sykkelrittet. Dei får sykle si eiga løype i Førde, og etterpå blir det medaljeutdeling. Vi håpar dei får smaken på sykkelritt og vi kjem til å følgje opp med tilbod om sykkelskule i etterkant.

Sport i vekst

 I Førde CK har dei felles sykkeltrening både inne og ute, med langturar på søndagar. Sjølv om dei er i god vekst, vil dei gjerne ha med fleire. Også i resten av landet aukar interessa

– Sykkelsporten, saman med triatlon, er i vinden. Vi har mange gode, norske profilar no, og det er god TV-dekning av sporten. Også vår eigen Cedrik Ullebø frå Høyanger gjer det svært godt. Frå Førde CK har vi fleire medlemmer som har valt å gå sykkellinja på Norges Toppidrettsgymnas, og mange drøymer om ei karriere innan sykkelsporten.

Men drøymer han sjølv om å delta i Tour des Fjords?

– He-he, det hadde sjølvsagt vore moro å vere med i eit felt, men det er alvorleg høgt nivå på dei gutta der. Berre for å få køyrestyrke til å vere med i løpet krev det rundt 8. – 10.000 treningstimar. I tillegg kjem nøye planlagt strategi og teknikk. Og der er ikkje eg, ler han, og avsluttar med at han gler seg enormt til målgangen.

– Innspurten i Førde blir utruleg spennande. Tenk den stemninga!

Tidenes sykkelfest i Balestrand!

Tour des Fjords i Balestrand.

Arrangementskomiteen i Balestrand diskuterer programmet: Katarina Fritz, Svein Arne Skuggen Hoff og Vegard Nessa. I tillegg er Sigrun Dale, Kjetil Nesse, Cathrine Stigen Bøen og Jørgen Ulrik Berg i komiteen.

I Balestrand er det for lengst oppretta ein arrangementskomité som jobbar for å skape sykkelfest 24. mai. Mange organisasjonar og lag er i gang med førebuingane, og det blir garantert liv langs løypa.

– Velviljen og positiviteten har vore stor, både hjå folk flest og hjå næringslivet. Tour des Fjords vert omtala både på butikken og diskutert på Facebook, og utflytta balestrendingar seier dei skal “heim” denne dagen, kan komiteen fornøgd melde.

Dagen startar med barneritt i delar av løypa som dei profesjonelle ryttarane skal gjennom, og pågår fram til presentasjon av lag og ryttarar startar. Klokka 13.20 går startskotet for Tour des Fjords ved Kviknes Hotel, og etter ei runde gjennom Kong Beles veg og Villavegen legg ryttarane av garde i retning Førde.

­

­– Undervegs er det planlagt arrangement og samlingar både i rundkøyringa i Dragsvik og i Sværefjorden. Det er grendelaga og Sværefjorden bygdekvinnelag som står for dette – og her vert det både matservering, heiarop og aktivitetar. I rundkøyringa i Dragsvik kan alle få sjå Tour des Fjords sin desidert største sykkel, røper komiteen.

Stor aktivitet på Utsikten

For dei som vil ta imot ryttarane på Utsikten går det bussar frå Balestrand om føremiddagen. På Utsikten vert alle møtt av Vetlefjorden bygdekvinnelag og Fjordane Grendelag som serverer kaffi og kaker m.m.

– Dersom det er snø nok planlegg nokre ungdomar å bygge hopp og vise fram spektakulær skileik i bakken over Utsikten.

Tilbake i sentrum vert scene og storskjerm ståande utover ettermiddagen, og her planlegg dei små underhaldningsinnslag og overføring av rittet til syklistane er i mål i Førde.

– For å avslutte ein fin dag planlegger vi “After Bike” på Natthuset/Kviknes Hotel om kvelden med musikk og gratis inngang, informerer komiteen.

Tour des Fjords Balestrand Sogn og Fjordane

Arrangementskomiteen trur det blir fullt liv langs løypa. Her frå Esefjorden.

Høgdepunkt

Komiteen trur arrangementet kan få gode ringverknader for bygda.

– Tour des Fjords er supert for Balestrand! Både fordi det trekkjer mykje folk til bygda 24. mai, og fordi vi får presentert Balestrand til svært mange gjennom TV-skjermen både innanlands og utanlands. Vi ynskjer oss sjølvsagt godt vær, men det vert nok sykkelfest uansett!

No gler dei seg stort til 24. mai.

– Ryttarane si klatring opp Gaularfjellet til nydelege Utsikten vert høgdepunktet denne dagen – kanskje høgdepunktet i heile rittet, smiler dei.

 

 

Set opp buss til sykkelfesten

Tour des Fjords set opp busstransport til Gaularfjellet og Rørvikfjellet

Roy Stian Farsund i Sparebanken Sogn og Fjordane og Rolf Sanne Gundersen i Sunnfjord Utvikling er godt fornøgde med samarbeidet om busstransport.

Interessa for å sjå syklistane i Tour des Fjords slite seg opp Gaularfjellet og Rørvikfjellet 24. mai er stor. I samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane og busselskapa i fylket set arrangørane no opp bussar slik at fleire kan få oppleve fjelletappane.

– For oss er det viktig å bidra til folkefesten, og i samarbeid med arrangørane ønskjer vi no å få folk ut langs løypa for å skape stemning og ei ekstra god ramme både for publikum, ryttarar og TV-sjåarar, seier Roy Stian Farsund, banksjef bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Bussane vil gå frå Førde og Sande til Rørvikfjellet, og frå Førde, Sande, Høyanger, Balestrand, Dragsvik og Sogndal til Gaularfjellet. I tillegg vil det bli sett opp bussar frå Naustdal til Førde.

– Etappen frå Balestrand til Førde via Gaular og Jølster er ei naturoppleving og ei perfekt ramme for eit sykkelritt. Vi ønsker å ha eit stort publikum langs løypa som kan ta del i opplevinga og er veldig takksame for initiativet frå Sparebanken Sogn og Fjordane. No kan folk sjå ryttarane på nært hald ute i løypa og i tillegg få med seg målgang i Førde, seier dagleg leiar Rolf Sanne-Gundersen i Sunnfjord Utvikling.

På grunn av omfanget av rittet vil enkelte vegar bli stengde i forkant av rittet. Dette i kombinasjon med liten parkeringskapasitet på Gaularfjellet og Rørvikfjellet gjer at arrangørane set opp bussar til utvalde plassar langs løypa.

Sparebanken Sogn og Fjordane viktig sponsor

Sparebanken Sogn og Fjordane går inn som sponsor både for Tour des Fjords i Stavanger og for dei lokale arrangørane.

­– Målet med arrangementet er å forsterke interessa for sykkel som transportmiddel, treningsform og opplevingar, og skal medverke til engasjement, glede, spenning og folkefest for alle. Det ønskjer vi sjølvsagt å vere med på. Det er også ei glede å sjå at vi nok ein gong har evne til å ta på oss ansvaret for store arrangement. Dette vitnar om eit rikt organisasjonsliv med sterk dugnadsvilje og profesjonelle lokale aktørar. Ikkje minst er dette ein god måte å viser fram fylket vårt på, seier Roy Stian Farsund.

Stort engasjement frå Sogn og Fjordane

Sjef for Tour des Fjords, Roy Hegreberg, er godt nøgd med engasjementet som blir vist for Tour des Fjords i Sogn og Fjordane.

– Det er kjekt å sjå at både næringslivet, publikum og kommunane som arrangørar går så heilhjerta inn for arrangementet. Det er viktig for oss og vil vere med på å kunne utvikle Tour des Fjords vidare.

Den første etappen av årets Tour des Fjords vil starte i Balestrand og ta syklistane over Gaularfjellet og Rørvikfjellet via Moskog, rundt Jølstravatnet og til mål i Førde.

– Etappen frå Balestrand til Førde er noko av det mest spennande Sogn og Fjordane og Vestlandet har å by på når det kjem til variert natur. Landskapet passar ypparleg for ei sykkeletappe og vil skape gode opplevelsar for både ryttarar, TV-sjåarar og publikum langs løypa, seier dagleg leiar i Tour des Fjords, Roy Hegreberg.

Andre etappe startar i Brekke i Gulen og tek syklistane til Norheimsund i Hordaland. Tour des Fjords vert avslutta i Stavanger den 28. mai.

Sjå ruta i Sogn og Fjordane her

Dette veit dei om Tour des Fjords Sogn og Fjordane

Paula Kathrine Lesto

Vi har testa kunnskapsnivået rundt årets sykkelfest

Det er under to månader til sykkelrittet Tour des Fjords kjem til Sogn og Fjordane. Fylket har fått tildelt første etappen i det kjende sykkelrittet, og løypa går gjennom Balestrand, Gaular, Jølster og Førde 24. mai. Men kva veit eigentleg innbyggjarane i fylket om den store sykkelfesten? For å sjekke kunnskapsnivået rundt arrangementet, stilte vi seks tilfeldige personar nokre spørsmål. Sjå kva dei svara.

  1. Kva veit du om Tour des Fjords Sogn og Fjordane?
  2. Kjem du til å vere blant publikum 24. mai?

Paula Kathrine Lesto, Jølster.

  1. Det er eit sykkelritt som kjem til Sogn og Fjordane i slutten av mai. Nivået på syklistane veit eg svært lite om, men eg trur Boassom Hagen og Kristoff kjem, og dei er vel ganske flinke? Det som er kult, er at dei skal rundt Jølstravatnet. Ein god sjanse til å vise fram kor fint vi har det på Jølster.
  2. Eg vil prøve å få det med meg, og det blir nok til at eg stiller meg opp på Jølster ein stad for å heie.

 

Edgeir Aksnes

Edgeir Vårdal Aksnes, Vik/Førde.

  1. Det er eit sykkelløp på toppnivå arrangert av Sunnfjord Utvikling. Ruta har eg ikkje snøring på, men den går gjennom Sunnfjord, gjer den ikkje?
  2. Eg blir neppe blant deltakarane, så det blir  vel som publikum eg stiller. Eg ser for meg å ta med meg familien og sjå på løpet frå ein fjelltopp. Vi håpar på ein fin vårdag og mykje liv langs løypene.

 

Kenneth Kvamme

Kenneth Kvamme, Førde.

  1. Aldri høyrt om det, men namnet tilseier at det har med sykkel å gjere? Litt som Tour des France?
  2. Eg blir nok ikkje blant publikum. Sykkelsporten interesserer meg ikkje, så den dagen held eg meg heime.

Therese Kleiven

Therese Kleiven, Førde.

  1. Kva sa du? Tordis Fjord? Åh, Tour des Fjords, det har eg høyrt om. Det er eit sykkelløp, og det blir veldig spennande. Det er alltid kjekt når nokon skapar liv og røre, og dette arrangementet trur eg det blir stort engasjement rundt. Eg gler meg!
  2. Eg skal garantert vere blant publikum, og det blir mest truleg på Bruland vi står.

Einar Hagen

Einar Hagen, Oslo/Førde.

  1. Tour des Fjords er eit stort sykkelarrangement på Vestlandet, og i år kjem dei til Sogn og Fjordane. Eg har faktisk sykla ruta sjølv ein gong, og den er veldig flott. Men det blir spennande med alle fartsdumpane i Førde og korleis syklistane taklar dei.
  2. Eg blir blant publikum. Det freistar litt å ta sykkelen fatt den dagen og stille meg langs løypa.

Atle Asheim

Atle Asheim, Svanøy.

  1. Det er eit sykkelløp som skal vere til våren. Opp Gaularfjellet og rundt Førde, trur eg. Nivået på syklistane er eg usikker på, men eg trur det er bra. Verdsstjerner, har eg høyrt.
  2. Ja, det må eg nesten. Har ikkje tenkt så mykje på kor eg vil stå, men det beste er vel å stå på toppen av eit fjell og sjå dei slite ordentleg.

Dette er Tour des Fjords Sogn og Fjordane

Syklistane i Tour des Fjords vil blant anna sykle langs Esefjorden, Sværafjorden og Vetlefjorden i Balestrand.

 

  • Tour des Fjords er eit  5-etappars sykkelritt på Vestlandet, og blir i 2017 arrangert for femte gong i perioden 24. mai – 28. mai.
  • I år er første gongen rittet legg ein av etappane til Sogn og Fjordane.
  • Det er Sunnfjord Utvikling som på vegner av dei fire kommunane Balestrand, Gaular, Jølster og Førde har invitert rittet hit.
  • Etappen i Sogn og Fjordane er 190 kilometer lang og den første og lengste i rittet.
  • Etappen startar ved Kviknes hotell i Balestrand, går over Gaularfjellet og Rørvikfjellet, rundt Jølstravatnet og har målgang i Førde sentrum. Du kan sjå heile ruta her.
  • Rittet vil bestå av 24 lag med seks ryttarar på kvart lag. Det er venta ekstra stor merksemd rundt Tour des Fjords i 2017 sidan sykkel-VM bli arrangert i Bergen i etterkant.
  • Verdskjende sykkelstjerner vil sykle gjennom Sogn og Fjordane 24. mai, og arrangørane håpar på stort oppmøte langs løypa!
  • Etappe to går frå Brekke til Norheimsund 25. mai.
  • Både TV2 og internasjonale tv-kanalar dekker rittet med direktesending kvar dag, og Dag Otto Lauritzen og dei andre sykkelprofilane hos TV2 er klare for å besøke Sogn og Fjordane 24. mai!

Velkommen til sykkelfest!