Derfor treng vi ein sykkelfest i fylket!

Tour des Fjords Sogn og Fjordane

Foto: David Zadig

Kvifor skal vi arrangere eit sykkelritt i Sogn og Fjordane? Ikkje har vi mange syklistar. Ikkje er vi eit sykkelfylke. Vi har mange høge fjell, mange smale vegar og mange lange tunnelar. Kvifor?

Spørsmålet fekk eg like etter at det var kjent at Tour des Fjords kjem til Sogn og Fjordane. Like etter at det vart kjent at den først etappen på årets sykkelritt skal gå frå Balestrand, over Gaularfjellet, gjennom Gaular, rundt Jølstravatnet og i mål i Førde. Frå Sognefjorden til Sunnfjord på ein dag.

Svaret er i grunn ganske enkelt. Vi skal profilere noko av det beste vi har i fylket direkte på TV2 til sjåarar over heile verda. Den storslåtte og vakre naturen. Fjord og fjell, og folket som bur her. Nasjonal turistveg Gaularfjellet er ikkje berre omkransa av naturopplevingar, vegen har også eit nytt utsiktspunkt, og kanskje best av alt, berre nokre få korte tunnelar. Årets etappe har det meste, og noko av det beste.

Tour des Fjords er eit sykkelritt med stort potensiale, organisert på ein måte vi kan stå inne for. Vi er veldig glade for at leiinga av rittet såg potensiale i å ha ein etappe i Sogn og Fjordane i 2017, same året som Bergen skal arrangere sykkel-VM. Og vi trur dette blir ein sykkelfest, sjølv om vi ikkje har lange tradisjonar som sykkelarrangørar.

Men vi trur like mykje på langvarige effektar av å få Tour des Fjords til Sogn og Fjordane. Vår målsetjing er å bruke profileringa av naturen, etappen, folka og alt det gode som finst her til å jobbe med ei satsing på sykkelturisme. Sogn og Fjordane i samarbeid med nabofylka er særdeles veleigna for turistar som ønsker å kombinere fysiske utfordringar med vakre naturopplevingar. Tenk deg ei sykkelrute frå Bergen til Voss. Voss til Balestrand. Balestrand til Sunnfjord. Sunnfjord til Bergen. På racersykkel, el-sykkel eller andre syklar, avhengig av ulike behov. Fjord Norge skal satse på sykkelturisme i åra framover, og vi ønskjer å vere med.

Derfor er årets Tour des Fjords ikkje berre ein sykkelfest for fylket, men også ei satsing på reiselivet. Ei satsing på våre kvalitetar, og ei profilering av Utsikten på Gaularfjellet, Jølstravatnet, Astrup og alt det andre som Sogn og Sunnfjord har å by på. Det vi treng er engasjement og folk som vil vere med.

Velkomen onsdag 24. mai til heile fylket.

Rolf Sanne-Gundersen