Tour des Fjords trøyene

Gul trøye UNO-X Leiartrøye

Blir boren av samanlagtleiaren, det vil seie den syklisten som har brukt kortast tid på alle etappane samanlagt. Blir tildelt ryttaren etter kvar etappe, og vinnaren av rittet er den som får trøya til slutt.

Tour des Fjords Sogn og Fjordane

Blå trøye – COOP Poengtrøye

Blir tildelt vinnaren av poengkonkurransen. Poengkonkurransen står vanlegvis mellom dei beste spurtarane. Poeng blir delt ut ved målgang og ved spurtar undervegs. I mål blir poenga fordelt blant dei 10 første ryttarane. På dei innlagte Coop-spurtane blir det delt ut 5, 3, 2 og 1 poeng. Den med mest poeng siste dagen vinn Coop Poeng konkuransen.

Tour des Fjords Sogn og Fjordane

Santander klatreleiartrøye

Også kalla polkadottrøye og blir boren av den som leiar klatrekonkurransen. Poenga blir tildelt på følgande måte: 4 første over tre uttalte bakkar kvar dag. Den ryttaren med flest poeng får bere Santander bakketrøya neste dag. Den som har mest poeng etter siste etappe vinn Santander Bakkekonkuransen.

Tour des Fjords Sogn og Fjordane

Kvit trøye – Repsol beste unge ryttaren samanlagt

Blir boren av den beste unge ryttaren samanlagt. Vinnaren må vere under 25 år. På same måte som for den gule trøya er leiaren den som har brukt kortast tid på etappane, pluss eventuelle tidsbonusar.

Tour des Fjords Sogn og Fjordane

Laksetrøye – mest offensive ryttar

Tour des Fjords laksetrøye – mest offensive ryttar. Vinnaren blir kåra av ein jury kvar dag.

Lagkonkurranse

Tidene til dei tre beste ryttarane på kvart lag blir lagt saman etter kvar etappe, eventuelle bonussekund og tidsstraff blir ikkje tatt med. Skulle eit lag ha mindre enn tre attverande ryttarar blir dette laget ekskludert frå lagkonkurransen. Lagkonkurransen blir ikkje markert med eiga trøye i Tour des Fjords.