Garantert folkefest i Jølster

Tour des Fjords Sogn og Fjordane

På Jølstravatnet blir det vasshow med alpinistane Jørgen Aarøen Taklo og Bendik Bryan Hamar. Foto: Anne Cecilie Kapstad

– 24. mai blir ein merkedag for framtida. Det er eg sikker på, seier reiselivsrådgjevar i Sunnfjord Utvikling, Bjørg Kjos-Wenjum. Vassakrobatikk, dans og 90 aktive speidarar er noko av det sykkelstjernene kan oppleve på og langs Jølstravatnet.

Saman med innbyggarane har ho fått ansvaret for å skape liv og røre når sykkelstjernene  skal rundt Jølstravatnet 24. mai. Og allereie no kan ho fastslå at liv og røre, det blir det. Mange lag og organisasjonar er i sving med å planlegge sykkelfesten, og Kjos-Wenjum veit knapt kvar ho skal begynne på spørsmål om program for dagen.

– På Jølstravatnet nær Vassenden blir det vasshow med alpinistane Jørgen Aarøen Taklo og Bendik Bryan Hamar. Medan syklistane sveittar rundt vatnet, skaper dei vasski-akrobatikk på høgt nivå. Over 90 uniformerte speidarar deltek med aktivitetar på Kjøsnes. Der blir det lavvo, hesteskokasting, bålpanne, heiarop og stor stemning, og seniordansarane i Jølster vil lage show på rasteplassen nedanfor hotellet på Vassenden. Jølster Aurefest vil vere blant dei som promoterer seg på Skei, og der vil også Felleskjøpet stå og ta i mot syklistane med ei stor utstilling av traktorar.

Mektig syn for TV-kamera

Lukta av grillmat vil bre seg over heile Jølster denne dagen, for både på Skei, Vassenden og Jølstraholmen blir det sal av mat. Skular og barnehagar stiller som heiagjeng, og Skei statlege mottak står med afghanske og norske flagg langs løypa – og truleg vil nokre av dei plassere seg på fjelltoppane i Jølster. Eit mektig syn for TV-kamera!

– Sykkelløpet blir direktesendt på TV til 50 land, så her er det stort potensiale for å marknadsføra seg i den store verda. Sykkelturisme er populært, og no får vi vist fram at det også er mogleg i Norge. I tillegg blir det vist fantastisk natur frå regionen, og dette vil trur vi vil lokke fram reiselysta i folk. I sosiale media som Facebook og Instagram har arrangementet stor rekkevidde i form av bilde og film frå fylket, og dette trur eg får ringverknader for Sogn og Fjordane.

Merkedag

I etterkant trur ho 24. mai vil stå att som ein merkedag, men no gler ho seg først og fremst til sjølve dagen.

– Høgdepunkta vil stå i kø, og både Jølster og Sunnfjord vil garantert kome på kartet etter dette. Vi gler oss kjempemasse!

Tour des Fjords Sogn og Fjordane

Om vêret bli like fint som dette, kan både syklistane, publikum og TV-sjåarane vente seg eit vakkert skue på Jølster.