Jølster; Skei, Vassenden & Jølstraholmen

Det blir grilling og sal av grillmat på Thon Hotel Jølster på Skei, og på COOP Vassenden. I tillegg blir det 10 stands med mat og drikke på Jølstraholmen. Kafeen på Audhild Vikens Vevstove serverer raspeballar og annan type middag, og kafeen på Jølstraholmen tilbyr a la carte. Matservering heile dagen på alle desse stadene.

THON HOTEL JØLSTER

stiller parkeringsplassen sin til disposisjon for alle aktivitetar 24. mai, og grillar heile dagen frå kl. 13.00.

STOR SPEIDARLEIR PÅ KJØSNES 24. MAI

Jølster KFUK-KFUM -Speidarar er ein av dei største speidargruppene i Norge, og dei samlar over 90 medlemar på Kjøsnes i samband med Tour Des Fjords 24. mai. Her blir det ein gedigen speidarleir, med uniformerte speidarar, grilling, bålpanne, hesteskokasting og gåing på stylter. I tillegg kjem det representantar frå Norsk Fjordhestgard på Breim, som har med seg hestar til Jølster denne dagen, for å setja fokus på FJORDINGEN.

Assistent/leiar Nils Einar Kjøsnes (Tlf. 970 19 286) har teke initiativ til denne storstila satsinga, og alt føregår rett ved der syklistane kjem opp bakken ved Kjøsnesbrua. Dette kjem til å bli eit imponerande opplegg og ein fantastisk attraksjon for alle som tek turen til Jølster denne dagen!

ASTRUP PÅ JØLSTRAVATNET

Nikolai Astrup er Jølster sin store kunstnar, og fortener mykje merksemd denne dagen! Me har laga ein 10 x 25 meter stor banner med bilete av Astruptunet, og teksten «Jølster i Astrup sitt rike», som blir lagt ut på Jølstravatnet. Banneren er finansiert av Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Jølster kommune, Førde kommune, NCE Tourism, Jølster Næringsforum, Musea i Sogn og Fjordane og Sunnfjord Utvikling.

JØLSTER AUREFEST PÅ SKEI

Jølster Aurefest stiller med førstepremien i fiskekonkurransen-ein flott Volvo V40- på Skei 24. mai. Dei har også med seg andrepremien i konkurransen- ein båt- denne dagen, og ønskjer å framsnakke fiske i Jølster og Jølster Aurefest. Dei står til venstre på parkeringsplassen til Thon Hotel Jølster, oppå plenen, slik at når syklistane kjem frå Kjøsnes, møter dei Jølster Aurefest på høgre sida rett før rundkøyringa.

SKEI STATLEGE MOTTAK

Skei Statlege Mottak stiller ei gruppe på om lag 20 personar på oppsida av vegen ved Felleskjøpet på Skei, og dei deltek med norske og afghanske flagg. Satsar på å laga liv og røre når syklistane kjem. Som ein liten parantes her, kan også nemnast at dei har planar om å samla ein liten gjeng på eit av dei høge fjella i Jølster, og her vil det stå ei lita gruppe med store flagg og bar overkropp.

JØLSTER KOMMUNE

Jølster Kommune stiller på brygga på Skei, på nedsida av vegen, rett ved råma av Nikolai Astrup. Dei har med seg ein del maskiner og utstyr, sannsynlegvis også brannbilen med vassfontene. Dei kjem til å finne på litt ulike ting her… Bannerane om Astrup er også satt ut før 24. mai.

TRAKTORAR PÅ SKEI

Stor traktorutstilling framfor Felleskjøpet på Skei, rett før syklistane passerer Skei sentrum. Felleskjøpet har mobilisert bønder, og fått mange til å delta på traktorutstillinga på Skei.

ÅRDAL OG HELGHEIM BYGDEKVINNELAG

Står på parkeringsplassen til Thon Hotel Jølster og steiker lappar og lagar kaffi. Desse damene er eit viktig bidrag til folkefesten, her kan folk kjøpa seg forfriskningar medan dei ventar på at syklistane skal koma til Jølster.

FOLKEHELSE-TELT

Meir informasjon om dette kjem.

STORSKJERM PÅ JØLSTRAHOLMEN

Eirik Hjelmbrekke, Dagleg leiar ved Spar Jølstraholmen ( tlf. 92 44 35 53) har leigd inn ein storskjerm som skal visa sykkelløpet direkte heile vegen mot Jølster. I tillegg blir det 10 stands med mat- og drikkeprodusentar ute på Jølstraholmen, og mange knalltilbod inne på Jølstraholmen.

JØLSTER SENIORDANS

Jølster Seniordans deltek med dans på Vassenden, viss det blir fint ver. Dei har med musikk sjølve, stiller i lik uniformering og dansar på rasteplassen på nedsida av vegen ved Jølster Hotel, slik at Jølstravatnet og råma med Nikolai Astrup sin signatur blir ein flott bakgrunn.

VASS-SHOW PÅ JØLSTRAVATNET

Vass-show på Jølstravatnet! To av fylket sine beste alpinistar i 16 års-klassen kjem frå Jølster, og dei stiller opp for Tour Des Fjords og folkefesten 24. mai:) Jørgen Aarøen Taklo og Bendik Bryan Hamar skal laga eit vass-show på Jølstravatnet, medan syklistane sveittar om kapp rundt i Astrup sitt rike. Desse to tøffe ungdomane står på vass-ski bak ein båt, og lagar akrobatikk på høgt nivå. Møt opp og få med deg dette!

JØLSTER PANORAMA

Ikkje heilt avgjort kva som skal skje her, men det ryktast at det skal stå ein flokk med folk på taket av campingplassen med ein heil haug med flagg… Kontakt Ola Fugle for meir informasjon: 958 18 886.

Program Vassenden

SCENE (RASTEPLASSEN) VED BLÅBUTIKKEN, VASSENDEN.

SPEAKER: KRISTEN SMAADAL

CA-TIDER:

15.15: Jølster Seniordans – framsyning

15.25: Jølster Mottak – innslag

15.40: Jølstrakoret – song

15.50: Isak Nordgulen – syng «Jølsterdag»

15.55: Leikarring Eikås Ungdomslag – dans

16.00: Rittet passerer Vassenden mot Sørsida – spurt

16.10: Ronny Nymark Johannessen – dragspel på ryggen

16.20: Vassenden Skulemusikk – spelar

16.25: Sykkelbalansering – konkurranse med premiering

16.35: Vassenden Skule – klasseframsyning

16.45: Jølstrabelgen spelar – toradarmusikk

17.00: Rittet passerer Vassenden mot Førde

17.10: Jølster Pensjonistlag – Bocciakonkurranse sør mot nord