Lokale leverandørar bidrar til gigantisk TV-produksjon

Tour des Fjords Sogn og Fjordane

Enivest er ein viktig samarbeidspartnar under Tour des Fjords. F.v.: Christiane Ulriksen, Nandor Helgheim, Rolf Sanne-Gundersen og Vidar Slettehaug.

TV-bileta frå Tour des Fjords vil nå ut til 50 forskjellige land. Eit gigantisk apparat er i sving for at flotte bilete frå Balestrand, Gaular, Jølster og Førde skal nå ut i verda.

– Vi køyrer ein TV-produksjon som krev filming frå helikopter, motorsyklar og bilar i tillegg til stasjonære kamera. For å få direktebilda ut har vi eit fly som sirklar rundt eit par tusen meter over løypa i tillegg til ein TV-produksjonsbuss og eit par trailarar med utstyr i Førde og Balestrand, seier Tour des Fjords sjef, Roy Hegreberg.

Enivest er ei viktig brikke

Det er eit stort puslespel som skal gå opp for å få i hamn den direktesendte TV-produksjonen. Blant brikkene i det store puslespelet finn vi Enivest som leverer breiband til TV-produksjonen.

– Det er kjempemessig for oss å bidra til arrangementet, og at vi kan vere eit viktig bidrag når vi skal vise fram det flotte fylket vårt til TV-sjåarar over heile verda, seier Nandor Helgheim i Enivest.

Utan nett med høg kapasitet vil ikkje TV-bilda nå ut til sjåarane.

– Det er godt å vite at vi kan støtte oss på sterke lokale bedrifter som vi veit leverer gode tenester når vi skal gjennomføre eit så stort arrangement, seier Vidar Slettehaug, prosjektleiar hos den lokale arrangøren Sunnfjord Utvikling.

Håpar på auka turisme

TV-bilda er ein av grunnane til at kommunane som rittet går gjennom har jobba så hardt for å få Tour des Fjords til fylket.

– Det er vanskeleg å tenkje seg ei betre ramme enn Tour des Fjords for å få vist fram kvalitetane i dei fire kommunane, og håpet er jo nettopp at dei vakre bileta skal trigge folk til å feriere her, seier Slettehaug.

Fakta:

Totalt vil det vere 500 personar som kjem til fylket i samband med arrangementet. 144 ryttarar med støtteapparat, TV-produksjonsfolk, sikkerheitspersonell, motorsyklistar og ein god gjeng frå arrangøren Tour des Fjords i Stavanger er på plass 24. mai. I tillegg er vil det være ein stad mellom 200 og 300 frivillige i sving langs løypa for å sørge for at arrangementet blir gjennomført på ein god måte.