Start i Balestrand

Tjuefire lag, med seks syklistar på kvart lag, står klare på startstreken i Balestrand 24. mai. Ryttarane gjer seg klare i hagen til ærverdige Kviknes hotell, før dei legg ut på den 195 km lange ferda mot Førde. Store delar av etappen går langs Nasjonal turistveg, og dei internasjonale sykkelstjernene vil sykle langs Esefjorden, Sværafjorden og Vetlefjorden – alle armar av vakre Sognefjorden. Årets første stigning går over Gaularfjellet, og iløpet av elleve kilometer skal 700 høgdemeter forserast. Publikum vil oppleve eit spektakulært syn når syklistane slit seg oppover lia på veg mot det høgste punktet på ruta; Utsikten. Etter å ha passert den kjende turistattraksjonen, startar nedoverbakkane, og no vil det gå fort mot kommunegrensa til Gaular.

… så til Gaular

Nedover Gaularfjellet i retning Viksdalen vil syklistane ha høg fart. Vegen følgjer Gaularvassdraget, som byr på alt frå ville stryk og fossar til rolege parti der vatnet flyt stille av stad og auren hoppar. Både Vallestadfossen, Likholefossen og Fossestien er kjende attraksjonar i Gaular, men på veg nedover vil syklistane vere mest opptekne av å hente tid på eit eventuelt brot. Vel nede i Viksdalen ventar heiarop som vil motivere ryttarane til ei ny stigning. Opp Rørvikfjellet, som ligg 530 moh, blir Ikkje like krevjande som Gaularfjellet, men  i ny moglegheit for syklistane til å skaffe seg forsprang. Ned Rørvikfjellet via Holsen mot Moskog vil det igjen gå veldig fort. Syklistane kan sjå fram til flatare parti, og dersom det eksisterer eit ”brot” no, må dei jobbe hardt for å ikkje bli henta av hovudfeltet før mål. Om feltet enno er samla, vil nok fleire lag vere interessert i å sende ut syklistar i brot. Vi håpar Holsen er fylt med publikum langs vegane denne spennande dagen!

…vidare til Jølster

Endeleg er det tid for flate parti. I Jølster skal syklistane ei runde rundt Jølstravatnet, og det blir eit fantastisk syn når sykkelstjernene stig inn i Astrups rike. Sjølv om det er flatt i bygda, vil vind spele ei viktig rolle her. I sykling er det fordelaktig å vere ei stor gruppe om ein har vinden i mot seg, og dersom det ligg syklistar eller mindre grupper i front, vil dei oppleve ekstra utfordringar. TV- kamera vil få nokre flotte bilete når syklistane passerer Kjøsnesfjorden, og er dei heldige klarar dei å fange jølstraauren på film. Langs heile Jølstravatnet, som er 30 km langt, vil publikum få oppleve spenning og intensitet når det går opp for ryttarane at dei nærmar seg mål. Tida begynner å renne ut, og publikum langs løypa vil bli vitne til eit nøye planlagt taktisk spel når syklistane nærmar seg Førde.

Tour des Fjords Sogn og Fjordane

Målgang i Førde

Når syklistane kjem til Førde, skal dei gjennom to og ei halv runde i sentrum, og no vil det skje store ting: Dramatiske svingar, fartsauke, fighting og tronge vegar, vil føre til store gisp i publikum når ryttarane passerer. Nokre syklistar stikk i frå, og dei andre blir liggande bak og jakte byttet i front. Sjå blant anna for deg nokre av verdas beste syklistar kjempe seg gjennom Gjelet, eller krangle om plassen i lyskrysset. Det er i Førde dei med vinnarambisjonar vil posisjonere seg, og det er her dei vil ta sluttspurten og gå i mål ved NRK-bygget.