Velkommen til sykkelfest på Festplassen!
Onsdag 24. mai blir Førde omgjort til ein gedigen sportsarena når syklistane i Tour des Fjords inntek byen. Her får du full oversikt over det som skjer i målområdet ved NRK-bygget, Festplassen og Førdehuset. Vi oppmodar om å sykle, gå eller samkøyre denne dagen. Førde sentrum vil bli stengt for innkøyring ca. ein time før rittet kjem, altså frå 16.00, og opna igjen etter målgang som er ca. 18.00.
Program Festplassen
Parkering
Her er det god parkeringskapasitet:
- Amfi og Elvetorget
- Øyrane
- Øyrane Vidaregåande skule
- Hafstadparken
- Sentrum Sør
Vegstenging 24. mai
- Angedalsvegen blir stengt mellom Langebruvegen (lyskrysset) og krysset Kyrkjevegen den 24. mai frå klokka 09.00 til 21.00. Dette på grunn av rigging av målområdet.
- Førde sentrum vil bli stengt for innkøyring ca. ein time før rittet kjem, altså frå kl. 16.00, og opna igjen etter målgang som er ca. 18.00. Syklistane skal sykle forbi sjukehuset, gjennom Førde sentrum, forbi Førde kyrkje, opp gjelet og ned igjen på riksveg 5 frå Haugum til Førde hotel, opp igjen til Coop Xtra og same runda igjen, før spurten skjer i Angedalsvegen med målgang ved NRK Sogn og Fjordane/Førde stadion.
- Sjå fullstendig oversikt over vegstengingar her.