Vil vise kva vi er gode for!

Tour des fjords sogn og fjordane

Mariann Njøsen, Helena Bremer Farsund og Anne Karin Steen gler seg til sykkelfest.

Under Tour des Fjords 24. mai går Elvetorget og Amfi saman om å skape liv og røre utanfor handlesentera og langs løypa. Dei tilbyr parkeringsplass og oppfordrar til å bruke dagen i Førde sentrum.

– Vi ønsker å bidra til at både dei besøkande og syklistane får ei god oppleving når dei kjem til Førde 24. mai, seier Anne Karin Steen.

Ho er senterleiar på Elvetorget, som saman med Amfi jobbar med å skape aktivitet i sentrum under sykkelløpet. Og du skal  sleppe å gå svolten denne dagen. Både Elvetorget og Amfi har mykje godt på uteserveringa.

– Alle etestadane våre kjem ut denne dagen for å tilby deg mat og drikke. Det same gjer fleire av butikkane, og Din Sport har særleg fokus på syklar. Amfelia og Oskar traskar rundt med overrasking til barna, Puls slepp laus kyllingen sin og det blir musikk av Kor Før´de, seier senterleiar på Amfi, Mariann Njøsen, som saman med marknadskoordinator Helena Bremer Farsund håpar på fint vær og mykje liv i sentrum.

Ryddar plass til sykkelpublikum

På andre sida av gata er Bondens marked på plass utanfor Elvetorget. Også der blir det uteservering.

– Kafeane kjem ut og sel grillmat, bollar, kaffi, juice og mykje anna godt. Både Erdal Sport og Sport1 lagar sykkeltorg, og du får blant anna sjansen til å prøve el-syklar. Nokre av butikkane kjem ut denne dagen med gode tilbod. Det blir mat, musikk og god stemning frå kl. 13. 00 – 18.00, og når syklistane passerer blir det til korpsmusikk frå Førde Skulemusikkorps, seier Anne Karin.

Både Elvetorget og Amfi tilbyr parkeringsplassane sine 24. mai.

– Vi vil ha mest mogleg liv og røre, og vi har rikeleg med parkeringsplassar. Kom tidleg og parker bilen, handle i butikkane våre og kos deg i sentrum under sykkelfesten. Langs bilvegen ryddar vi plass til publikum, slik at du kan stå heilt inntil løypa og heie når syklistane passerer to gongar. Vi skal bidra til at det blir fullt liv i sentrum denne dagen, og at TV-kamera får sjå kva vi er gode for, seier dei to senterleiarane.

Og når vêrmeldingane i tillegg seier sol og 25 grader, så ligg alt til rette for folkefest i Førde sentrum!